Kaukasus - så vanvittig flott, vilt og rått område. Stupbratte fjellsider og toppar med utsikt over dei fortsatt ubestiga fjella.
 
I forbinnelse med forårets pris, Årets Eventyr Rookie arrangert av UTE-Magasinet, Fjellsport.no og Hvitserk Eventyrreiser, blei eg nominert og kåra som årets nykomande eventyrar i Norge. Ein del av premien var ei valgfri reise frå Hvitserk Eventyrreiser. Eg valgde å besøka Kaukasus og toppen av Europa, Elbrus. Eg visste ikkje heilt kva eg kunne forvente sidan eg bestemde meg å bli med ei gruppe ei veka før avreise. Haste-visum blei bestilt og baggen blei pakka to timar før avgang. Gruppa bestod av 15 herlige sjeler spredt frå heila landet, som nå vil vara mine venner for resten av livet. For ein gjeng! Det var folk i alle aldre. Eg var den yngsta, mens den eldste var rundt seksti år. 
 
Aklimatiseringa starta i byen Cheget. Her me tok turar opp i høyden frå byen for å bli vant med høyden før me reiste opp i fjellet for å bli ytterligare avklimatisert. Då me for siste gang pakka sekken for å reise opp på fjellet var eg SOLGT! Dei vanvittig skarpe fine linjene blanda med myke, fine fjellryggar. Så flott og så nydelig! Og eg så heldig så for vara her og å gjera akkuratt det eg elske i livet! Tilbringa tia mi ute i flotte fjellsider og nyta naturen frå ulike nasjonar og kulturar.
 
Etter fira dagar i fjellet og nokon dagar med dårleg ver var me klar for toppstøtet. Klokka 01.00 var det frokost og da klokka var 02.00 var me klar for tur. Sakte men sikkert gjekk me opp fjellryggen. Det som er så fantastisk å gå om natta er å få oppleve soloppgangen, den gule fine nyansen som forandrar seg om til lilla og rosa før den blå, fine vårhimmelen sprer seg over heile horisonten. Klokka 09.00 stod eg på toppen med eit stort smil om munnen og eg var så lykkeleg! Lykkeleg for at eg fekk vara akkuratt der og at eg befant med blant mange andre fine folk og sjeler. Ingenting anna gjer meg meir usamkelig lykkeleg! Returen bestod av lette steg og musikk på øyrene, og med viten om at kvelden skulle bestå av russisk vodka, mimring, gode samtalar og planlegging av nye eventyr.

Takk for meg Russland, I'll be back!

Monica (Moa) Hundseid, juni 2017